Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1920
Ulstein kommune Sjå dette på Wikidata
Død

3. desember 2019 (99 år)

Yrke journalist, skribent, motstandskjempar
Politisk parti Venstre
Medlem av Kompani Linge
Prisar Den britiske militærmedaljen, Kongens fortenestmedalje, Haakon VIIs 70 års medalje, Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Deltakarmedaljen, Forsvarets heiderskross, Hirschfeldtprisen

Ragnar Leif Ulstein (fødd 19. april 1920 i UlsteinSunnmøre, død 3. desember 2019) var ein norsk journalist og forfattar. Han tok eksamen artium i Volda i 1940. Under andre verdskrigen, i juni 1941, reiste han til Shetland i ein fiskebåt saman med 16 andre. Han var ein av dei første som kom med i Kompani Linge, tok befalsutdanning, og vart telegrafist. I desember 1941 var han med under landgangen i Reine i Lofoten. På slutten av krigen var han i Noreg som instruktør for Milorgstyrkane i Sogn og Fjordane.

Etter krigen var Ulstein velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden. Han var medforfattar til soga om Kompani Linge. Han var redaktør for Filmavisen. Seinare har han vore journalist i Bergens Tidende og i Sunnmørsposten.

Ragnar Ulstein skreiv fleire arbeidskrevjande bøker om tilhøva under krigen, mellom dei Englandsfarten, Svensketrafikken og Etterretningstjenesten i Norge 1940–1945. Han skreiv òg romanar med innhald frå verdskrigen.

Ulstein arbeidde òg for å forbetre kåra til krigsinvalide.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy